- kultur og kaos
E66DE5F7-9230-4F41-BABB-720279B9FFDF.JPG

kultur og kaos

Ingen kvinner på sokkel i Bergen

Renate Rivedal på vegne av Bergen Kvinnesaksforening

 

Gjennom prosjektet «Kvinner på sokkel» bestemte bystyret i Bergen seg i 2020 for at det i løpet av dei neste 10 åra skulle reisast fem minnesmerke over kjende og namngjetne kvinner i det offentlege rom. Grunna dagens byråd kan det heile allereie vere over, berre tre kvinner inn i prosjektet.

 

Byrådet i Bergen malar med brei pensel når dei kuttar små og store prosjekt. Ingen kutt er for smaklause eller for smålege for byrådet, ingen initiativ er for viktige eller nødvendige for byrådet. Nyleg kunne ein lese at byrådet ikkje lenger ynskjer å støtte utleige av kanoar i Skomakerdiket ,og dei vil også kutte både gartnarstillingar og 200.000 i sommarblomstrar. Eldre kan stort sett halde seg heime på vinterhalvåret om snøen kjem, her i Bergen kostar vi berre sidegatene inn til offentlege plassar tre gonger i veka.

 

Det som ikkje kom fram var at byrådet også kuttar ut «Kvinner på sokkel». Prosjektet »Kvinner på sokkel» vart i si tid sett i sving etter at ein kartla akkurat kor skralt det sto til med skulpturar av namngjetne kvinner i Bergen. Det var SV-politikar Oddny Miljeteig som var opphavskvinna for forslaget saman med Hilde Maria Boberg Andresen. Resultatet etter oppteljinga var nemleg at i byen Bergen er det fleire statuer av buekorpsgutar enn av namngjetne kvinner.

 

Før «Kvinner på sokkel» prosjektet vart sett i gong var det faktisk berre 5 skulpturar av namngjetne kvinner i Bergen. To skulpturar av St. Sunniva, og ein av Gjertrud Rask, riktig nok i kompaniskap med ektemannen Hans Egede. I tillegg til Madam Felle og den vakre skulpturen av Amalie Skram som vert «beblomstra» og heidra kvar 8. mars av Kvinnesaksforeningen. I tillegg finnes det då ein haug med ukjende menn og ukjende kvinner, i tillegg til eit hav av namngjetne menn, faktisk 75 i alt!

 

Men det her ynskja altså bystyret å endre på. Fyrste kvinne ut i 2021 i «Kvinner på sokkel» var Kim Friele, forkjempar for likestilling og homofile sine rettigheitar. Kunstnar Lina Viste Grønli laga dei fantastiske benkane som har smelta saman som møteplass og minnesmerke.

 

I det neste minnesmerke var det biletkunstnar Anne-Karin Furunes som kom sigrande ut av konkurransen. Skulpturen over steinhoggar og pioner Ambrosia Tønnesen skal avdukast våren 2025. Gjennom prosjektet har vi merka ein auke når det gjeld interessa for Tønnesen, og det heile kulminerte i den vakre utstillinga på Permanenten som nyleg vart opna. Neste kvinne ut er forfattar Torborg Nedreaas, kunstnaren Sofie Hviid Vinther vann konkurransen, og prosjektet skal gjennomførast. Etter det vert det nok tomt for kvinner på sokkel i Bergen.

 

Vi har forståing for at det er tøffe tider for Bergen kommune. Det er tøffe økonomiske tider for oss alle, småbarnsforeldre, eldre og studentar. Det er vanskelege tider for barnehagetilsette, for sjukepleiarar og for kunstnarar. Det er vanskelege tider for bergensarane som arbeida i kommunen og det er vanskelege tider for alle som er tilknytt kommunen i form av å vere innbyggar i Bergen. Gjennom kutta kommunen gjennomføre, gjer ikkje kommunen berre til at kommunen sjølv sparar pengar. Dei same kutta gjer til at enkeltpersonar, frilansarar, grundere og små og mellomstore arbeidsplassar ikkje får lønn eller honorar. For alle desse småkutta som verkar minimale i eit enormt kommunebudsjett gjer faktisk til at kvardagen til ein heilt vanleg bergensar går rundt.

 

I tillegg til at kutta Bergen kommune gjer er direkte usolidariske med byens befolkning, er også kuttet av «Kvinner på sokkel» prosjektet problematisk både kvinnehistorisk, byhistorisk og ikkje minst eit hardt slag for likestillinga mellom dei 7 fjell.

 

For der neste kvinne ut i prosjektet «Kvinner på sokkel» er forsøkt stoppa av byrådet, lurer eg på om byrådet har tenkt å prioritere vedtaket om å felle ned sitat av Jon Fosse i byrommet i Bergen. Og ikkje eit vondt ord om verken nynorsk eller Nobelprisvinnaren, men om byrådet gjer den prioriteringa øydelegg dei sjølve grunnsteinen i prosjektet. For det er nettopp det her som er kjernen av «Kvinner på sokkel», å motverka at hyllesta av våre kvinnelege kunstnarar og pionerar vert underprioritert og avvikla i møte med budsjettinnsparing og vanskelege tider. Finn ein rom for å hylle samtidige menn, vert bodskap om likestilling og likskap vanskeleg å sjå att i byen vår.

 

 

 

 

 

 

 

 

Renate Rivedal