- kultur og kaos
E66DE5F7-9230-4F41-BABB-720279B9FFDF.JPG

kultur og kaos

Sápmi møter Tate Modern

Máret Ánne Sara si utstilling i Turbinhallen i Tate Modern får slakt av Jonathan Jones i The Guardian😳 han meiner ho enten er redd, fråstøtt eller berre uinspirert av den gedigne gallen. Beinharde ord 🦴 for hallen inviterer jo verkeleg til å tenke stort og arbeide i ein monumental skala.

Eg elska Sara sitt tidligare verk Pile o´Sápmi med haugar av reinsdyrshovud - det rå og direkte, det upolerte og politiske. Men ut i frå fotografia frå Turbinhallen ser det litt glissent ut - men kanskje det er poenget? Det sårbare, naturlege og intime mot det industrielle, harde og monumentale? Kan hende går kritikaren i Guardian glipp av små subtile grep gjort av kunstnaren?

Eg sjølv kjenner vertfall på eit behov for å oppleve installasjonen på eiga hand for å  gjere opp mi eiga meining.


Installasjonsbilde av «Hyundai Commission: Maret Anne Sara» i turbinhallen på Tate Modern, 2025. Foto: Yili Liu, © Tate


Pile o´Sápmi er eit verk Maret Anne Sara satte opp utanfor Indre Finnmark tingrett i februar 2016, medan bror hennar satt i rettsak mot staten i kamp om sine rettigheitar. Det var ein protest og eit symbol mot statleg tvangsslakting av rein i Finnmark.
Foto: Maret Anne Sara
Informasjon henta frå kunstnaren si eiga nettside.