Ein hage til inspirasjon - Claude Monet sitt Giverny
Claude Monet vaks opp i La Havre. Her byrja han etterkvart på teikneskule, før han endra retninga mot maleriet og flytta tilbake til sin fødestad: Paris. Han var ein ekte Parisgut, men etterkvart skulle han reise og bu i mange land før han enda opp att i heimlandet. Av ulike grunnar budde han i: Algerie (militærtjeneste der han fekk tyfiodfeber etter 2 år), England (der han oppdaga Turner), Nederland (der politet mistenkte han for å drive revolusjonære aktiviteter mot staten etter å ha mala 25 maleri).
Claude gifta seg offisielt med den vakre Camille i 1870 noko som var litt problematisk sidan sonen Jean var fødd allereie i 1868. Tidvis var det trange kår for den vesle familien.
Ordet “impresjonisme” kom frå maleriet til Monet frå 1872 kalla «Impression, soleil levant». 🌞🌞🌞 Monet malte direkte på lerretet, utan å blanda fargene i paletten fyrst. Impresjonistane sto utandørs, tok inn inntrykket frå naturen rundt seg. Luktane, lydane , lyset… For samtidas publikum verka maleria skisseaktige og langt frå ferdige. Claude var også sjølv ofte misfornøgd med eige arbeid, og temperamentsfull som han var enda han med å øydeleggje mange maleri. Impresjonismen som i samtida var ein nedsettande betegnelse og vart sett på som uferdig og skisseaktig- vart etterkvart ein hedersbetegnelse.
I 1876 inviterte forretningsmannen og kunstsamlaren Ernest Hoschede, Monet til sitt landsted. Ernest var ofte bortreist, og det er sagt at Claude og husfrua fekk ein særskilt nær kontakt allereie då. Men Monet fekk også andre kontakter innafor kunstverda gjennom sin patron, og ikkje minst vart familiane nære. Ekteparet Hoschede var kjend for sine ville festar - dei leigde til dømes eigne tog frå Paris til landstedet sitt for å frakte gjestane sine i.
Men i 1877 gjekk Ernest konkurs. Og det endte opp med at forholdet vart endra totalt. Ernest og familien måtte flytte inn hos «the Monets». Same året vart Camille, kona til Claude svært sjuk. Likevel vart ho gravid og fødde sonen Michel i mars 1878.
I 1879 døde Camille av tuberkulose. Eit hardt slag for Claude. Alice Hoschede bestemte då at ho skulle hjelpe Claude med å oppdra sønnene hans saman med sine eigne. Ein utvida og annleis familie som likevel fungerte godt, og medan han reiste utanlands passa ho barna. Etter at Ernest døde i 1891, gifta dei to - Claude og Alice seg i juli 1892.
På ein togtur mellom Vernon og Gasny oppdaga Claude den vesle byen Giverny, og dei flytta alle saman hit. Eigedomen er svær, som to store fotballbaner. Med ein eigen japansk hage eller «vann-hagen» med brua som kanskje er det aller mest kjende objektet frå maleria hans. Blomstene er plassert slik at han kunne fange dei på lerretet. Hagen er laga for å bli malt. Fargane og uttrykket til kvar blomst er nøye kuratert, perfekt til å male (eller å fotografere). Likevel er det noko vilt og levande over hagen, ein deilig følelse av det tilfeldige og organiske.
Huset i seg sjølv er også fantastisk fargerikt og vakkert. Ein rosa draum i mur med grøne skodder. Eit sitrongult kjøkken med blå fliser, eit lite studierom med blå vegger og møblas. Eit hus fylt av sol og varme - i vertfall på ein solskinnsdag i juli i Giverny.
Claude sjølv vakna 5 kvar morgon og spaserte rundt i sin vakre hage med lerret og pensel. Hagen saman med kysten i Normandie var til evig inspirasjon.