Møte med Omaha Beach og endelause rekker av kvite marmorkors
Møte med Omaha Beach og den heilt gigantiske kyrkjegarden fylt med levningane av unge amerikanske gutter og menn var mektig og uendeleg trist. Dei kvite identiske marmorkorsa som strakte seg i noko som kjentes som uendelege lengder. Berre avbrote av enkelte marmorstøtte kransa av ei sekstakka stjerne. Berre protestanter, katolikkar og jødar var anerkjend.
Fire kvinner er òg gravlagd her mellom endelause rekker av sønner, fedre, venner og brødre. Klinisk, militært og identisk. Det er noko fint over det at alle er like, sjølv i døden. Likevel er det identiske preget også med på å anonymisere rekkene av soldatar. Arkitekturen rundt stor, mektig og brutal. Amerikansk. Maskulint.
Alle dei unge liva og all den framtida som aldri vart noko av. Som kjempa ein kamp for det gode mot det onde. Så svart og kvitt kjentes det nok ut. I dag kjennes alt meir grått ut, linjene for kva som er godt og vondt er viska ut - og det som kjennes aller mest trist ut er eigentleg den naive tanken om kva eg trudde USA var og ikkje minst redsla for kva det vil verte i framtida.