- kultur og kaos
E66DE5F7-9230-4F41-BABB-720279B9FFDF.JPG

kultur og kaos

Gjenklang

No kan du oppleve Linda Soh Trengereid sitt fantastiske panoramamåleri i utstillinga «Gjenklang» på Sogn og Fjordane Kunstmuseum. Ein får kjensla av å gå inn i naturen, det angar av tre og våt skogbotnen. Mosekledde skikkelsar dukkar fram frå bakgrunnen, dei vert tydelege når ein beveger seg framom det 11 meter lange måleriet. Skogen er både ny og gammal, og full av detaljar.

Ta turen til Førde og opplev det stemningsfulle og magiske landskapet til Linda Soh Trengereid!