Den perfekte miksen av preppy overklasse og ubekymra baggy.
Preppy møter chill, grøne parachute bukser mot ankel-lange bølgande kapper. 70-talets bad boy med smale slips i grøne og burgunder striper, kombinert med svarte skinnbukser med sleng. Inspirasjon og dialog med arkivet, men og ein uttalt inspirasjon henta frå kunstnaren Jean-Michel Basquiat og sosietetskvinna Lee Radziwill (mest kjend som syster-til-den-meir-kjende-Jacqueline Kennedy). Andy Warhol sine polaroidfotografi av dei to. Ikon med kvar sin stil, men som begge innehar motsetningen av det sofistikerte og avslappa som smeltar saman i kolleksjonen. Gamle pengar møter 80-talets nyekspresjonisme. Moonlight Kingdom og Wuthering Hights. Kabelstrikk og kirsebær. Overdådige, einsfarga silketørkler som er knytt sirleg rundt halsen. Blodig gotikk. Kva skjuler dei eigentleg?
Jonathan Anderson sin herrekolleksjon for Dior Vår/Sommar 2026 i Paris var variert, gøy og utsøkt. Debuten var den perfekte miksen av preppy overklasse og ubekymra baggy. Viktorianske element møter krittkvite tennissokkar. Likevel var det nok ei gong ei veske som fekk den største merksemda.
Og det er slett ikkje ein ny ide. Olympia Le-Tan har allereie gjort det med sine romantiske, handbroderte clutchvesker med motiv frå ulike kunstverk og romantiske boktitlar.
Anderson / Dior sin tolking av «Dior Book Tote» er solgul i botnen med broderte raude bokstavar. «DRACULA by Bram Stoker» frå det originale coveret av boka frå 1897. Dei to er begge frå Irland, og Anderson har også tidlegare snakka om tilknytinga han kjende når han forsto at dei begge hadde budd i den same gata i Dublin. Ein forbindelse som endra måten han forsto den gotiske romanen på.
Dracula har av enkelte vorte tolka som Bram Stokers leik med si eiga samtid sin redsel for det ukjende. Og at Anderson bevisst har sett søkelys på nettopp denne gotiske romanen for å vise korleis historia repetera seg sjølv.
Ekstra interessant om det er ein slik klangbotn i kolleksjonen. Men den største symboleffekten vil uansett vere Rihanna med eit lite miniskjørt plassert rundt ein rund gravidemage, i den eine handa; hennar snart to år gamle son og i den andre handa ei knæsj gul veske med blodraud skrift.
Dior