Moon Bag
I fjor fekk eg gleda av å oppleve «Retrokatt» med Carte Blache laga av Tori Wrånes. Ei gedigen katterumpe vart til ein magisk portal, medan halen svinga fram og tilbake. Eit merkverdig univers med dansande figurar med klumpete sko , som nynna på eit uforståeleg språk. Eg var difor spent før Festspillutstillinga. Kven ville vi møte på? Kva univers ville vi verte invitert inn i? Og kva figurar skulle spele rollene? Eg tek med meg to erfarne og kritiske kunstekspertar på 2 og 5 år til Festspilllutstillinga
Det er alltid store forventningar til ei Festspillutstilling. Det er ei enorm ære, men samstundes kan fallhøgda vere stor. Mi absolutte favorittutstilling gjennom tidene må vere Lene Berg sin «Frå far» frå 2022. Ein enorm oppleving der Kunsthallen vart totalt forvandla, og film, teater, lukt, lyd og historieforteljing vart fletta saman.
Tori Wrånes har klart mykje av det same, sjølv om det er ei heilt anna utstilling med eit totalt anna uttrykk. Ho har klart å forvandle salane til Kunsthallen til eit grotteliknande rom. På veggane heng små tredimensjonale bilete, andre stadar er det vakre og forseggjorde rekker med blåskjel. Digre årer flettar salane saman, dei luktar av tjære. Veggane og golva er dekka av mjuke tepper.
Enorme menneskeliknande skikkelsar knuser taket, flyg mot himmelen. På dei enorme (handlaga) sneakersane står det «Size Strong» og «Size Kind». Hovudet manglar, men ut av halsen strekk det seg ein fugl. Både dyr og menneska er knytt saman, frivillig eller ufrivillig?
Det er noko urovekkande med dei store menneskeskikkelsane. Minstemann synest det er litt skummelt, men så dukkar det oppe i glad lita mus. Einsam durar musa forbi syklande i ein evig sirkel, medan den gjev frå seg høglytte gledesrop. Det er klart den aller største favoritten til både dei yngste og dei eldste denne dagen.
Om ein har auga med seg (som ein ofte har når ein er under 110 cm) kan ein også oppdage eit lite hol i veggen. Innafor står det ein liten gjeng med party-mus som dansar. Ahhh! Det er så gøy og moro når ein vert invitert inn i eit koko og surrealistisk univers. Utstillinga har fleirfaldige lag som gjer til at den kan fungere i alle aldra og med alle utgangspunkt. Den er både varm og gøyal, mystisk og skremmande.
Det mjuke golvet, lydane og luktene, dei små og intime installasjonane, dei gedigne og urovekkande figurane gjer utstillinga til ein draum for både store og små born. Ta med deg tanteborn, den sure naboen eller ei god venninne og opplev Moon Bag på Bergen Kunsthall