Samtidig popkunst!
Nieves González har tatt steget opp i stratosfæren etter coverkunsten på det nye (og allereie ikoniske) albumet West End Girl 💫⭐️
Oljemaleriet portretterer Allen i ein oversized, lyseblå Miu Miu boblejakke (puffer) over svarte blonder og høge Valentino støvletter. Portrettet har blitt den visuelle ramma for Allen sitt store comeback. Eit sårbart og rasande svar på eit ekteskap i oppløysing, eit comeback frå ei 40 år gamal «singel mum» og utlevering av sin høgprofilerte eks (Stranger Things vert aldri det same att). Dei 14 spora er brutalt ærlege, og inneheld titlar som «Pussy Palace», og «Nonmonogammummy».
Nieves González kombinera klassisk målartradisjon med eit samtidig uttrykk. Ein dialog mellom det tradisjonelle og det moderne🪭Ho hentet inspirasjon frå spanske barokkmålarar som José de Ribera og Zurbarán, og samtidskunstnarar som Jenna Gribbon og Lisa Ivory. Den spanske kunstnaren har sjølv sagt til WallPaper at ho alltid har ynskja å lage den visuelle profilen til ein musikar sidan musikk er hennar største inspirasjonskjelde. Og det dramatisk barokke som møter det kjølige samtidige, passar godt til Lilly Allen sitt vittige, såre, kjappe og utleverande språk, kombinert med ei silkemjuk stemme.
González har malt Allen inn i ein bakgrunn av ulike bruntonar, sittande på ein stol med lårkorte svarte blonder og høge støvletter med ein skarp hæl. Den store og blanke dunjakka ser ut til å både beskytte og varme den smale skikkelsen på innsida. Allen sjølv sit med eit roleg, nesten fredfullt uttrykk med sin karakteristiske svarte lugg og store brune auger.
Nieves González sine portrett er for evig blitt popkultur!