Frekk og finurleg satire på Galleri Langegården
Ta turen til Galleri Langegården i helga og opplev Marvin Halleraker si nye utstilling «SatiRE» - den er gøy og frekk, finurlig og til tider vakker.
💫 eit rom er i sin heilskap via til Donald Trump - der Halleraker har sugd til seg alle detaljar av det spraytan-farga ansiktet og den svevande hentesveisen - og laga ein serie av portrett i ulike former. Resultatet vert sabla vittig - der essensen av dårskap og egoisme i verdas (?) mektigste mann spruter ut av veggane💥
Mine favoritter var likevel dei to silketrykka - «Insektsdød» og «Den siste oljen» der oljeplattformane er forma som dinosaurer 🦕🦕🦕💫🦖
Halleraker var tilsett i Bergens Tidende i 30 år, teikna for Vårt Land og Morgenbladet - men er i dag fast teiknar for Aftenposten 🖍️💥
Besøk Galleri Langegården for ei annleis kunstutstilling - med djupne og humor