Nesten magi
Magne Furuholmen held utstilling ved Galleri Langegården - ein blanding av trykk, maleri og keramikk. I Bergen mest kjend som kunstnaren bak den svære krukka på Vågsallmenningen. Eit monument som i dag er ein naturleg del av bybilete, på lik linje med Kari Aasen sine offentlege arbeid i same område. Og så er han sjølvsagt endå meir kjend som musikar i legendariske a-ha. Og sjølv om han står her i dag som kunstnar, verkar det som rolla som musikar framleis står like sentralt. Det vert ein vekselbruk mellom tekst, lyd, skulptur, trykk og maleri. Og på same måte som ein lagar ein atmosfære med musikken, ynskjer han å formidle ein stemning som visuell kunstnar.
Også ordet står sentralt i verka hans. Som han sjølv formulerer det “Jeg bedriver ord”. Frå dei runde fata (eller platene) i sterk turkis til dei høgreiste krukkene i same tonar er det skribla bokstavar. Eit tilsynelatande virvar av ord, men ved nærare ettersyn oppdagar ein setningar.
Det er likevel dei beige krukkene der orda står tett i tett i sirklar eg bit meg merke i. Det er noko arkaisk og evig over dei, sjølv om dei er meir tilbakehaldne enn dei turkise. Orda dannar nye tydingar alt ettersom kvar ein står rundt krukka. Gjev rare, vakre og merkverdige samankoblingar som «Skin of Snow» ❤️dei tredimensjonale objekta bryt opp forteljinga og skaper nye narrativ.
Verket eg likar aller best er også det med den mest maleriske kvaliteten. Der penselen har bevegd seg, laga små boblete skyer av damp eller røyk. Også i det her verket er bokstavane og orda sentrale, men det maleriske har fått ei større rolle enn i dei andre verka. Eg hadde likt å sett endå meir av denne fordelinga i verka til Furuholmen. Ein nedskalering av bokstavane og ein oppskalering av det maleriske. Der ordet og setningane står sentralt, men at det ligg meir skjult i det maleriske? Eg tykkjer det estetisk fungerer betre i dei verka der det maleriske får større kraft og plass, og der bokstavane er nedskalert i størrelse, utan at det påverkar historieforteljinga og meininga bak orda.
Og til slutt ein oppfordring til Bergen kommune: få den strålande krukka på Vågsallmenningen tilbake med både lyd og røyk slik den ein gong var!