Forsoning i Domkyrkja
I sommar har ein kunne oppleve kunstverket «Going Grey» i Domkirken i Bergen. Liv Dysthe Sønderland er kunstnaren bak verket som omhandlar assimileringa og den inhumane politikken som romanifolket og tatarane i Noreg gjekk gjennom. Gjennom utstillinga kjem ein bit av ei redseslsfull historie fram, ei histore full av skam der musikken, språket, eigendelar og til med deira eigne barn vart tekne frå dei.
Utstillinga er eit vakkert forsøk på forsoning og består av fleire delar. «Omrisset av et hus 1:1» meiner eg at ein fyrst kunne opplevde i Slottsparken under Høstutstillingen der kunstnaren «gjekk opp» omrisset av eit familiehus på Svaneviken arbeidskoloni. På kyrkjegolvet er omrisset av huset tapa opp med raud tape. Innafor det avgrensa området skulle dei reisande verte gode jordfaste nordmenn.
Langs kyrkjebenkane innover i kyrkja ligg det eit langstrakt teppe på 33 meter. Teppet skal minne om vandringa til romanifolket frå sitt opphav i India. Her symbolisert med at den fyrste delen av teppet er eit teppe frå India. Tanken er fin, men opplevelsen av ei vandring og ein raud tråd uteblir når overgangen mellom det «indiske opphavet» og resten av teppet er svært brå. Verket vert også litt øydelagt av at det er gjentatte A4 ark med beskjed om at verket ikkje må rørast. Til neste kunstinstallasjon må ein kanskje finne ei meir diskret løysing eller eit verk der publikum faktisk kan ta på verket.
Sjølve hovedverket og den sterkaste delen av utstillinga er menneskefigurane i full størrelse der fragment og bitar av fotografi frå romanikulturen er påført med silketrykk. Dei internerte skildra tilværelsen som grå, som eit fråvær av fargar. Gjennom fotografia får ein ein bit av ekte liv; gjennom mørke auger, eit kinn eller ein mjuk profil kjem ein nærare dei ekte historiene. Dysthe Sønderland har gitt dei fargane tilbake.
Medan mi eiga dotter ligg på golvet og beundrar si eiga hand og sprellar med lubne bein høyrer eg musikken til Elias Akselsen. Eg vert takksam over eige liv og eiga tid, men også takksam over Liv Dysthe Sønderland sin vilje til å fortelje ei ofte gløymd historie og Domkyrkja sitt ynskje om å få nettopp denne historia fram i lyset.